INNTAKSREGLEMENT FOR KONGSHAUG MUSIKKGYMNAS.

Alle søknader om elevplass på Kongshaug Musikkgymnas vert avgjort i hht. dette reglementet. Reglane er utarbeidd spesielt for Kongshaug Musikkgymnas med heimel i skulen sin rett til å laga sitt eige inntaksreglement jf. Privatskulelova (PSL) §3-1, 3.ledd. Hovudprinsippa samsvarer med reglane i Rundskriv U-dir-5-2010.

Generelt

§ 1 Skulen har heile landet som inntaksområde (jf. PSL §3-1) og søknad skal sendast på skulen sitt søknadsskjema direkte til skulen. 120 elever tas inn med søknadsfrist 1. mars. Skulen vil prioritera å ta inn inntil 3 elever totalt på særskilt grunnlag. For å søke på særskilt grunnlag, må uttale frå PPT leggjast ved søknaden. For desse søknadene er fristen 1. februar. Ein elev som vert teken inn på Kongshaug Musikkgymnas brukar av retten sin til vidaregåande opplæring(jf.PSL§3-2)

Vg1

§ 2 Ved inntak til Vg1 vert karakterar frå grunnskulen lagt til grunn. Avslutta fag frå 8. og 9. klasse og summen av karakterane for 1. termin i fag som vert avslutta i 10. klasse, vert lagt saman.

 Følgjande fag vert medrekna;

 1. Engelsk, skriftleg 6. Matematikk 11. RLE
 2. Engelsk munnleg 7. Naturfag 12. Samfunnsfag
 3. Spansk/Ty./Fra. el./Eng./No. ford.
8. Norsk hovudmål, skriftleg 13. Mat og helse
 4. Kunst og handverk 9. Norsk sidemål, skriftleg 14. Musikk
 5. Kroppsøving 10. Norsk munnleg 15. Sal og scene 

 

Summen av talkarakterane i desse faga, vert lagt saman, delt på talet oppnådde karakterar og deretter gonga med 10.

 § 3 Berekning av poeng ved inntak:

1. Karakterpoeng inntil 60 poeng

 

Det kan til saman verta gitt inntil 10 poeng i tillegg ut frå følgjande kriteria:

2. Demo (dugleik)  inntil 10 poeng
3. Dokumenterte leiaroppgåver  inntil 10 poeng
4. Misjonærbarn    5 poeng

 

Søkjarar vert prioritert etter totalt antal poeng. Ved lik poengsum vert det trekt lodd om kven som skal få den aktuelle skuleplassen. Særskiltsøkjarar vert innbyrdes prioritert etter dugleik (demo).

Sikringsreglar:

For å sikre et musikkfaglig godt miljø for samspel innan ulike stilar, vert vesentlige instrument prioritert med minimum ein utøvar. Kva som er vesentleg vert avgjort av utval instrument som manglar på det tidspunkt søknadane vert handsama, og samla poengsum vert avgjerande dersom fleire søkjarar spelar desse instrumenta.

For å sikra ein balanse mellom gutar og jenter knytt til skulekor og andre musikalske prosjekt, skal ikkje forholdet mellom kjønna ved inntak til Vg1 vera skeivare enn 30/70. Samla poengsum vert lagt til grunn for prioritering av det kjønnet som er underrepresentert.

§ 4 Ventelista er klar frå 15. april.

Vidaregåande kurs ( Vg2 og Vg3)

§ 5 Ved inntak til vidaregåande kurs vert karakterutskrift for relevant Vg1/Vg2 lagt til grunn. For søkjarar som er i gang med Vg1 eller Vg2, tel terminkarakterane frå 1. termin.

§ 6 Elever som går på Kongshaug, har automatisk rett til skuleplass i Vg 2 eller Vg 3 dersom dei har oppnådd beståtte karakterar i alle fag.

Klageadgang

§ 7 Avgjersle om inntak er enkeltvedtak etter Forvaltningslova §2, og departementet ved Fylkesmannen i Hordaland er klageinstans, Jf. PSL § 3-1, 6. ledd og Forvaltningslova kap. IV, V og VI. Skriftleg klage må sendast via skulen.

 

Inntaksreglement vedtatt i styret januar 2013.

Cookies