Internatregelement Kongshaug Musikkgymnas

 

§ 1 Generelle rettar og plikter

Forutsetningen for at en elev skal kunne bo på internatet er at eleven kan klare seg selv. Dette innebærer å stå opp om morgenen, komme seg på skolen, delta på måltider, holde rom og egne klær rene, ryddige og luktfrie og delta i sosiale aktiviteter. Det vil på individuell basis bli vurdert om elever som av ulike årsaker får et større fravær fra skolen kan fortsette å bo i internatet. Rektor har myndighet til å fatte et vedtak om utflytting. Styret er ankeinstans for utflyttingsvedtak i løpet av skoleåret. Rektor har også fullmakt til å la være å ta eleven inn igjen på internatet etter endt skoleår dersom dette er til det beste for skolen samlet sett.

Foreldre vil bli varslet om elever som blir syke eller er borte fra skolen. Det samme gjelder elever som blir innlagt på sykehus eller annen behandlingsinstitusjon. Dette gjelder også for elever som har fylt 18 år.

Elever som i løpet av skoleåret blir syke eller slitne, kan bli pålagt å reise hjem for å få hvile.

 

På eit internat bur mange tett saman og god orden og godt reinhald er viktig for både helse og trivsel. Det er skulen sitt ansvar å utstyre alle rom etter gjeldande mal. Saman med dei tilsette har leigebuar del i ansvaret for å skapa eit sunt og triveleg miljø. Leigebuar er pliktig å følgje dei instruksane som til ei kvar tid gjeld i internata.

 

§ 1.1 Internathyblane

Leigebuar har ansvar for orden og regelmessig reinhald på rommet sitt.

Internatleiar ved skulen har høve til å halde regelmessig tilsyn med rommet.

 

§ 1.3 Fellesansvar

Leigebuar tek del i desse fellesoppgåvene:

1) oppvask etter fellesmåltid.

2) orden og reinhald på fellesromma etter fastsette instruksar og turnusliste.

3) ansvar for å halde områda rundt skule og internat frie for søppel.

 

§ 1.2 Måltid

Det må vere ro og orden i matsalen slik at måltida vert triveleg for alle.

Etter måltida ryddar kvar enkelt etter seg og har ansvar for å vere orientert om turnus for kjøkenteneste.

 

§ 2 Internatkontrakt

Ved byrjinga av kvart skuleår, vil elev og skule inngå ein internatkontrakt. Eleven pliktar å halda seg til denne kontrakten så lenge han/ho bur på skulen sitt internat.

 

§ 3 Ro i internatet

Skulen si målsetjing er at internatet skal vere ein heim der det er gode bu- og arbeidsvilkår. Dette tilseier at ein må respektera andre sin trong for arbeidsro, kvile og søvn. Bebuar har ansvar for å visa omsyn ved bruk av musikkinstrument, stereoanlegg og liknande. Misbruk kan føra til inndraging.

 

§ 3.1 Ettermiddagsro

Måndag til torsdag kl. 17.00 –19.00 er det arbeidsro i alle internat. Musikk og lydanlegg skal vere avslått eller ha lavt volum.

 

§ 3.2 Kveldsrutinar

Det er fastsett tidspunkt for ro og låsing av skulebygg og internat.

Leigebuar skal vere på plass i si internatavdeling før internata vert låste.

Ein må gjere avtale om lån av nøkkel viss ein kjem til internatet etter at det er låst. (Vg3)

 

§ 4 Brannliste, melding om bortreise og feriar

Brannlister heng ved inngangen til alle internata. Desse skal sørgje for oversikt og tryggleik i alle situasjonar.

 

§ 4.1 Brannliste

Leigebuar skal dagleg registrere seg når dei kjem inn på internatet for kvelden. Registreringa skal berre utførast personleg! Etter registrering går ein ikkje ut av internatet! Overnattingsgjestar må førast opp på brannlistene!

 

 

§ 4.2 Melding om bortreise

Leigebuarane har ansvar for å melda frå når dei reiser bort. Ein skriv seg ut på eige skjema som heng i matsalen og på brannlistene.

 

§ 4.3 Feriar

Internatet er stengt i alle feriar. Internatbuarar har då ikkje høve til å vera i internatet.

 

§ 5 Snusing, røyking og rusmiddel

Skulen er snus-, røyk- og rusfri. Bruk av slike stimuli er ikkje tillate på skulen sitt område. Kongshaug gjev melding til foreldra om elevar under 18 som snuser/røykjer.

 

§ 5.1 Ein skal ikkje oppbevara, bruke eller vere påverka av rusmiddel i skule- eller internatmiljø, eller på turar i skulen sin regi.

 

§ 6 Ansvar for eigedelar og erstatning

 

§ 6.1 Depositum

Leigebuar betaler eit depositum ved skulestart. Det vert trekk frå depositumet dersom eleven:

- har vore skuld i skade på bygningar og utstyr

- ikkje tek sitt ansvar for reingjering, kjøkenteneste og fellesoppgåver i

internatet.

 

§ 6.2 Personlege eigedelar

Leigebuaren har ansvar for sine eigedelar. Skulen har ikkje ansvar for eigedelar som vert borte eller vert skada. Det er ikkje lov å ha våpen eller ammunisjon i internatet.

 

§ 6.3 Møblar og inventar

- Internatbebuarar er ansvarlege for inventar og utstyr på sitt rom.

- Av omsyn til branntryggleik og slitasje er det ikkje høve å skifte ut eller flytte på møbler

- Dersom flytting/utskifting er naudsynt må det avtalast med internatleiar eller vaktmeister. Dette gjeld og fellesromma i internatet.

 

§ 7 Overnatting for gjester og medelever

Slekt og vener er velkomne som gjester ved Kongshaug Musikkgymnas og melder frå når ein kjem til skulen.

 

§ 7.1 Gjester til overnatting

- Ved overnatting må eleven gje melding til skulen på førehand.

Gjester må fylgje skulen sitt internatreglement og overnatte på tilvist rom.

-Overnatting på eleven sitt rom er berre tillate i helgene etter avtale med skulen. Dette gjeld både medelevar og gjester.

 

§ 7.2 Betaling

- Foreldre og søsken et og bur gratis på Kongshaug i skuleåret.

- Andre gjester betalar etter fastsette takstar for rom og måltid

- Betalinga ordnast med kontoret eller internatvakt.

 

§ 7.3 Parkering

- Bilar skal parkerast på tilvist stad

- Det er ikkje lov å køyre bil eller moped på skule- og internatområdet.

 

§ 8 Brann og brannsikring

Ved brann/brannalarm er det viktig at alle elevane følgjer den oppsette instruksen for varsling og evakuering (sjå eige skriv) og rettar seg etter dei meldingane som vert gjevne.

Brannvarslar, skilt og sløkkingsutstyr skal ikkje rørast anna enn når brann vert oppdaga.

Det same gjeld skohyller og anna som kan blokkera for røming. Bruk av levende lys er ikkje tillate i internat.

 

 

§ 9 Husdyr

Leigebuarane kan ikkje ha husdyr i internatet.

 

§ 10 Informasjon og reglar

Eleven pliktar å setje seg inn i og rette seg etter informasjon og reglar som gjeld skule og internat.

 

§ 11 Følgjer av brot på reglementet

 

Det vert normalt ført merknader på elev som gløymer å utføre plikter som ikkje får følgjer for andre. Summen av slike merknader kan spela inn når rom skal verta fordelte med tanke på neste skuleår.

 

Elever som ikkje møter til kjøkkenvakt eller unnlét å vaska fellesareal eller liknande, må sjølv betala den som lyt gjera jobben. Det vert årleg fastsett satsar for slike vikaroppgåver.

 

Skulens internat er ikkje ein stad der kjærastar overnattar hjå kvarandre medan dei bur i internatet. Elevar som vert oppdaga på feil stad til feil tid, må difor pårekna ein samtale med rektor eller inspektør. Heimen vil vera ein naturleg samarbeidspartnar i slik saker. Elev som etter slike hendingar ikkje vil retta seg etter reglement eller påtale, kan difor bortvisast frå internatet for kortare eller lengre tid. Det same gjeld i saker der rusmiddel er involvert. Styret er ankeinstans i saker som gjeld bortvising for meir enn 3 dagar.

 

 

Vedtatt i styret 13. januar 2016, justert 4. Mai 2017.

Cookies