Hjertekonserter i Os

Fredag 11. og laurdag 12. desember vert Osbygda utanfor Bergen løfta ut av si travle førjulstid og får saman med elever på Kongshaug musikkgymnas ei av sine største førjulsopplevingar. Fredag morgon før kl. 07.30 kjem eit stille tog av unge og vaksne gåande til kyrkja i Os. Stien inn frå parkeringsplassen er opplyst og merkt av fakkelboksar, og sjølve kyrkja er flomlyst som eit fyr i mørkret. Inne i kyrkja er lyset dempa, og berre levande lys viser veg til benkene. Dette er noko folk vil ha med seg. Dette gjev ei høgtid som saknar sidestykke. Her kjem offentlege og privat tilsette med virke sitt i bygda. Her kjem mødre og fedre saman med borna sine på veg til barnehage eller skule. Her kjem pensjonistar som ikkje er vand med å liggja frampå om morgonen og her kjem 100 strålande unge i sin finaste stas for å syngja om Jesus som kom som med lys i mørkret.

Men allereie 2,5 time tidlegare, kl. 05.00, har elevane ved Kongshaug musikkgymnas vorte tørna ut. Frukosten vert servert kl. 05.30 og kl. 06.00 må dei vera klar i bussane. 06.30 er det oppstilling i kyrkja. Det krev litt å få stemmene i gang så tidleg på dag, så dette er ikkje noko som kjem av seg sjølv. Allereie kvelden før har utsyr til konserten vorte rigga. Elevane har øvd på songane sidan oktober, og solistar og orkester har brukt utallege timar på å øva inn songane slik at dei kan det dei skal opptre med mesta utaboks. No gjeld det berre å få det ut på ein slik måte at bodskapen går frå hjarte til hjarte.

Og nett slik er opplevinga til dei som kjem. Dei nye og populære songane i skjønn foreining med dei gamle og framleis like gode julesongane vert formidla med flott musikk av strykarar, blåsarar, band og solistar, samt eit kor av 100 songarar, 200 strålande auge og 100 bankande hjarte. Ikkje rart at det bankar litt ekstra hjå dei om lag 150 frammøtte som kvart år kjem for å lyda, å sjå og verta velsigna på ein vanleg fredag morgon på vei til jobb eller skule.

Og dette er berre byrjinga. Ut over dagen føl Kongshaugelevane opp med 4 skulekonserter for to av ungdomsskulane i bygda samt for dei to vidaregåande skulane i Os. Og som om ikkje det skulle vera nok fylgjer dei i år opp med to konserter til på laurdag, ein kl. 16.00 for små og store, og ein kl. 19.00 mest for dei store. I løpet av to dagar når elevane ved Kongshaug musikkgymnas mellom 1500 og 2000 personer med sine hjertekonserter. Takksemda er stor hjå svært mange av dei som kjem, og den er svulmande stor hjå oss som går ut og inn og har vårt daglege virke mellom desse flotte elevane. Dei er våre beste ambassadørar, ikkje berre for skulen, men og for han som kan fylla alt i alle, Jesus Kristus. Og kva kan vera viktigare å formidla i ei førjulsstrid meir prega av verdas uro og konfliktar enn på lenge? Eg berre spør. Har du ikkje fått dette med deg før, så nytt sjansen i år!

Inspektøren (Olav Hundvin)

 

Fredag 11.01:

Kl. 07.30: Åpen konsert. Spesielt invitert Os næringsliv og Os kommune

kl. 08.30: Skolekonserter utover formiddagen for skolene i Os.

 

Lørdag 12.01:

Kl. 16.00: Åpen Konsert

Kl. 19.00: Åpen Konsert

Cookies