
Foto Gunhild Marie Settem
1) Kvifor har du fått namnet KE?
Da fekk eg i barnehagen. Eg gadd ikkje skriva Kristoffer Eknes, så då blei da KE i staden. Sida har det fulgt meg heile tida.
2) No er de halvvegs i russetida, korleis har det gått så langt?
Me har vel ikkje gjort så mykje. Litt vannkrig og kos. Men det er god stemning, ikkje berre oss russ mellom, men også russ og 1.klassinger. Da syns eg er viktigst.
3) Kva skjer med KE til hausten?
Då skal eg være sivilarbeider på Ostereidet ungdomsskule. Laga god stemning der og sjå til at ingen vært mobba.
4) Nem nokre høgdepunkt frå 3 år på Kongshaug?
Oj... (KE tenkjer lenge..) Dette var verkelig vaskeleg syns eg.. Nokre høgdepunkt ja.. Hm.. Jo, at eg starta på Kongshaug var jo eit høgepunk. Også NRK-prosjektet me hadde no i vinter. Da var eit høgepunkt. Men stort sett er Kongshaug i seg sjølv eit høgepunkt. Litt smisk er alltid bra seier KE med glimt i auge.
Ellers så må eg sei at det både er høgepunkt og nedturer her på haugen. Det beste er at når ein nedtur kjem så er ikkje neste opptur og høgepunkt langt unna. Ei berg og dalbane på mange måter.
Ellers kan eg legga til at KE har vore i London medan han har gått her. Eg trur det var eit høgepunkt for han.

Foto Gunhild Marie Settem
5) Kven er neste vekes profil?
Hm.. Eg tek... June. June er ei bra tøtte, skriv det.