Med dette reglementet ønskjer vi å leggje til rette for eit kristent skulemiljø med gode arbeidsforhold og rike moglegheiter for å utfolde og utvikle seg – fagleg, åndeleg og sosialt. Reglementet er laga i tilslutnad til Lov om frittståande skular med rett til statstilskot (friskulelova) § 3-9.  

§ 1 RETTAR OG PLIKTER

Som elev ved Kongshaug musikkgymnas har du følgjande rettar og plikter:  

Du har krav på tilpassa undervising og regelmessig tilbakemelding om fagleg nivå (ikkje berre via karakterar), minst to elevsamtaler i året, hjelp, rådgiving og rettleiing, m.a. yrkesrettleiing, tilrettelegging og tilgang til sosialpedagogiske tenester med meir, i samsvar med dei reglane som gjeld etter privatskulelova og tilhøyrande forskrifter.  

Du har rett og plikt til, i samarbeid med medelevar og tilsette på skulen, å medverke til:

  • Utarbeiding av reglar for godt arbeids- og læringsmiljø på skulen
  • Val av arbeids- og opplæringsformer/-metodar
  • Val av lærestoff innanfor ramma av læreplanen
  • Fastsetting av mål og periodeplanar og gjennomføring av desse
  • Skulevurdering og laupande vurdering av skulen si organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa i samsvar med mål og læreplanar
  • Å skape et godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer.  

Du har plikt til å rette deg etter reglar fastsett i lov, reglement, instruksar, ordensreglar og vernereglar, m.a. det skulereglement som skulen fastset i samsvar med privatskulelova. Skulen har ansvar for å gjere desse kjent.  

Elevane har ansvar for sjølv å framstille seg til vurdering, (jfr. vurderingsforskrifta §3.3 3. ledd). Ved starten av kvart semester vert det utarbeida planar for alle prøver i semesteret. Elevar som ikkje møter opp på planlagde prøver, blokkdagar eller tentamen utan sjukemelding eller annan godkjent grunn, har ikkje rett til å få ny prøve, men pliktar å framstille seg for ny prøve viss faglæraren krev det. 

 

§ 2 DELTAKING I OG FRÅVÆR FRÅ UNDERVISNINGA.

Jfr. Forskrift til FSL §§ 3,41 – 3.46.

Elevstatusen inneber ei plikt til å ta del i all undervisning i den form den blir gitt, og ei plikt til å møte presis til timane. Å komme for seint til timane kan føre til nedsett ordenskarakter. Det same gjeld ugyldig fråvær (sjå § 3-46 i forskrift til friskulelova).  

Stort fråvær kan innebere at det blir vanskeleg eller umogleg å setje standpunktkarakter (sjå § 3-45 i forskrift til friskulelova). Om det er naudsynt av omsyn til karaktergrunnlaget, har skulen anledning til å påleggje eleven å møte til ekstra prøver. Normalt skal det søkjast om fri til alt fråvær på førehand.  

Alt fråvær blir ført på skulen sin digitale læringsplattform, Fronter. Du har sjølv plikt til å halde deg orientert om fråværet ditt gjennom skuleåret. Du har krav på skriftleg melding frå skulen så snart det er fare for at du ikkje får terminkarakter eller standpunktkarakter, eller at terminkarakteren eller standpunktkarakteren blir 1. Det same gjeld om det er fare for at du kan få standpunktkarakteren ”Nokså god” eller ”Lite god” i orden eller åtferd. Er du under 18 år, vil skulen sende meldinga til dei føresette (sjå § 4-3 i forskrift til friskulelova).

Skulen sender melding til Statens lånekasse for utdanning med kopi til elev/føresette viss du i ein termin har eit udoumentert fråvær som overstig 20 dagar og viss du melder deg ut av fag som skulen tilbyr utan å ha tatt faget på førehand. Timefråvær blir rekna om til dagar. Lånekassa vil stoppe alle utbetalingar når dei mottar ei slik melding om 20 dagers fråvær, og dei vil foreta ei trinnmessig avkorting for fag du melder deg ut av (jfr. lånekassa si forskrift om tildeling av utdanningsstøtte § 3.2 første del).  

Avgrensa opp til 10 dagar i skuleåret, reknast dette ikkje som fråvær: (Sjå § 3-46 i forskrift til friskulelova).  

For inntil samanlagt 10 skuledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast at fråværet skuldast:

   a) helse- og velferdsgrunnar For at fråvær som skuldast helsegrunner ikkje skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset, må eleven legge fram ei legeerklæring. Timefråvær i samband med behandling hos BUP, lege, tannlege og reguleringstannlege, vert rekna som fråvær. Køyretimar vert rekna som fråvær.  

  b) arbeid som tillitsvald  

  c) politisk arbeid  

  d) hjelpearbeid  

  e) lovpålagt oppmøte  

  f) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

For at fråvær som skuldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skuldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Organisert studiearbeid og skuleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren eller rektor, skal ikkje reknast som fråvær. Innanfor ramma av 10 skuledagar kan elevar som er medlemmar av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset. 

 I vidaregåande skole skal eleven ikkje få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter ved fråvær i meir enn 10 prosent av timane i faget. Eleven kan likevel få vurdering med karakter dersom det er dokumentert at fråvær i meir enn 10 prosent av timane i faget skyldast slike grunnar som er nemnde i § 3-46 femte ledd bokstav a til f og åttande ledd. Dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa på 10 prosent skal gjelde, kan ein elev som har inntil 15 prosent udokumentert fråvær i eit fag, også få vurdering med karakter. Avgjerda ligg hos dagleg leiar. Læraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter, jf. tredje ledd. Jfr. §3-3.

Alt fravær fra opplæringen, uavhengig av grunn, skal i utgangspunktet telle med i fraværsprosenten. Hvis eleven er borte på grunn av en rettighet de har etter opplæringsloven er det ikke fravær. Det er for eksempel rådgivning på skolen, møte med PP-tjenesten, organisert studiearbeid som er avtalt med faglærer i forkant, elevrådsarbeid o.l. som er godkjent av skolen og avtalt samtale med rektor eller andre ansatte. Vi understreker at opplæring i hjemmet eller på institusjon på grunn av langvarig sykdom eller lignende er en del av den ordinære opplæringen, og regnes derfor ikke som fravær. Elevene vil heller ikke få fravær i timer som skolen etter timeplanen har planlagt å tilby, men som likevel faller bort, for eksempel på grunn av utløsing av brannalarm, mangel på vikar eller lignende. Jfr. Udir-3-2016 (rundskriv).

 

§ 3 ORDEN OG ÅTFERD

Det blir gitt éin karakter i orden og éin i åtferd. I vurderinga tar ein også med i kva grad eleven følgjer ordensreglane som er fastsatt for skulen. I vurderinga av orden og åtferd skal skulen ta omsyn til eleven sine føresetnader. Alle skal etter beste evne bidra til eit positivt og trygt miljø på skulen og søkje å leve opp til omgrepet god orden og åtferd. Jfr. Forskrift til friskulelova § 3-5.

God orden og god åtferd er definert slik:

  • God orden kjem til uttrykk ved at elevane sine arbeidsvaner er prega av ansvar, orden og ryddigheit, punktlegskap og pålitelegheit
  • God åtferd viser seg ved at eleven er omsynsfull, real og høfleg mot andre elevar, lærarar og andre tilsette.            

Ordenskriterier

  # Ansvar: Ta ansvar for skulen sitt inventar og utstyr.

  # Orden og ryddigheit: Ha med seg bøker og anna utstyr til timen, ha på seg riktige klede i gymnastikktimane, ha orden på sitt eige fråvær og, setje ting på rett stad etter bruk.

  # Pålitelegheit: Halde avtaler, gi beskjed dersom upårekna ting skjer, vere til å stole på, tale sant, respektere andre sin eigedom.

  # Punktlegskap: Møte til riktig tid og avslutte til riktig tid, levere oppgåver til riktig tid, levere tilbake lånt materiell til avtalt tid.  

Åtferdskriterier

  # Ansvar: Ta ansvar for medelevar som treng hjelp og støtte.

  # Omsynsfull: Respektere andre sine behov for arbeidsro og gode arbeidsforhold, dele godar rettferdig, vise omtanke for personar som har vanskeleg for å hevde sin rett.

  # Real: Ta opp problem med den det gjeld, gjere opp når noko er gjort gale, ikkje fuske på prøver.

  # Høfleg: Vise respekt for andre, vente på tur, leggje band på seg for ikkje å såre andre, ikkje drive med ikkje-fagleg aktivitet i timane (eks. bruke mobiltelefon eller dataspel), ha eit kultivert språk.  

Klare avvik frå normalt god orden og åtferd vil føre til nedsett ordens- og/eller åtferdskarakter. Dagleg leiar har ansvaret for at standpunktkarakterar i orden og i åtferd blir fastsett etter drøfting i møte der lærarane til eleven er til stades. Endelege karakterar i orden og i åtferd skal fastsetjast etter at opplæringa er avslutta.  

 

§ 4 UNDERVISINGSUTSTYR OG VERNEREGLAR

Eleven får låne/leige naudsynt undervisingsutstyr. Kostnader til kladdebøker, arbeidsbøker som ikkje kan brukast av andre og personlege instrument, må eleven dekke sjølv.  

Elevane har plikt til å følgje vernereglane og bruke det verneutstyret som faget eller skulen påbyr.    

 

§ 5 SPESIELLE KRAV TIL ÅTFERD

  ¤ Kongshaug musikkgymnas er ein rus- og røykfri skule. Det er derfor ikkje tillate å bruke eller oppbevare rusgifter eller opphalde seg rusa på skulen sitt område. Forbodet gjeld også ved ekskursjonar og turar under skulen si leiing.

  ¤ Det er forbode å fotografere og/eller offentleggjere bilete av personar utan løyve.

  ¤ Du må levere tilbake bøker, CD-er, DVD-er eller anna materiell som du har lånt frå skulen, før du slutter.

  ¤ Det er nulltoleranse for mobbing ved skulen (jfr. opplæringslova § 9a). 

 

§ 6 REAKSJONAR

Alle brot på skulen sitt reglement vert registrert i skulen sitt merknadssystem. Dette dannar grunnlag for ordens- og åtferdskarakter og andre reaksjonar. Eleven har alltid rett til innsyn i dei merknadane som er registrert på vedkomande i skulen sitt merknadssystem. Om ein elev ikkje rettar seg etter dei krava skulen har sett til han/ho, skal skulen nytte følgjande refsingstiltak, og dersom dette ikkje nyttar, særskilte tiltak:  

a. Refsingstiltak (Forskrift til friskulelova § 3-5)

  ¤ Påtale frå lærar

  ¤ Merknad i skulen sitt merknadssystem

  ¤ Melding til foreldre

  ¤ Nedsett ordenskarakter eller åtferdskarakter

  ¤ Påtale frå rektor/inspektør

  ¤ Utvising frå resten av undervisingstimen etter læraren si avgjersle

  ¤ Kverrsetting av ulovlege gjenstandar

  ¤ Erstatning ved skade påført uforsiktig  

 

b. Særskilte tiltak

  ¤ Utvising frå skulen 1–5 dagar etter rektor si avgjersle

  ¤ Læraren kan utvise eleven frå si eiga undervising for éi undervisingsøkt på maks to klokketimar.

  ¤ Utvising for godt (i samsvar med § 3-10 i friskulelova)

  ¤ Politimelding av straffbare forhold  

 

Eleven skal ha høve til å forklare seg før refsingstiltak eller særskilte tiltak blir sette i verk. Føresette til elevar som ikkje er myndige, skal ha melding ved utestenging frå skulen eller dersom elevar fleire gongar tidlegare er blitt refsa ved påtale for liknande eller same brot på reglementet. Sakshandsaminga i samband med refsingstiltak og særskilte tiltak skjer elles i samsvar med § 3-9 andre ledd i privatskulelova.  

Tilgang til klage

Når det gjeld tilgang til klage knytt til utvisingsvedtak, gjeld dei generelle reglane i forvaltingslova. Dette er heimla i forvaltingslova § 2. Sjå òg kapittel 6 i forvaltingslova. Av forvaltingslova går det fram at utvisingsvedtak skal vere skriftlege og grunngjevne, og partane skal verte underretta om vedtaket så snart som mogleg etter at det er fatta.

Klage på enkeltvedtak skal vere skriftleg. Klaga må skrivast innan tre – 3 – veker etter at klagaren er blitt kjent med vedtaket, og det må sendast til det forvaltingsorganet som er det næraste overordna organet til det organet som har fatta vedtaket. For vedtak fatta av rektor er fylkesmannen klageinstans. Klaga sendast via rektor.  

 

Vedtatt i styret oktober 2016.

Cookies