Det er eitysdags formiddag, klokka er 10.32. To stuptrøytte miljøarbeidarar spaserer langsamt mot matsalen, for å treffe morgonens intervjuobjekt. Vi finn ho, Sofie i VG3B, smilande i sofaen. Vi slår oss ned, Karen er klar med spørsmålsarket sitt, Elise skrur på opptakaren, og intervjuet er i gang. 

 

Hei Sofie! Kven er du? Beskriv deg sjølv med tre ord. 

Liv Margrethe I VG3 går forbi med ein bananbit I handa.  

“Eg vil beskrive med sjølv som , glad, energisk og ehhm...” 

Lang tenkepause.... 

“til å stole på ” Vi vel å godkjenne dette svaret sjølv om det er fire ord.  

Elise sleng til ein kommentar om at Sofie er meir enn berre desse tre (seksorda 

 

Typisk Kongshaugspørsmål: Kva er ditt hovudinstrument?  

Sang. Eg synger” Vi kan informerom at Sofie syng veldig fint!  

 

Karen les frå notatane sine: “Her står det noko om ein dansemove, men eg veit ikkje kvifor? 

Liv reiser seg for å demonstrere Sofies mest kjente dansetrinn 

Dette dansetrinnet består av å ha henda ut frå kroppen i ein vinkel og smile bredt, som Sofie viser oss gledeleg. 

 

Kvar kjem du frå?  

“Bjerkreim kommune, frå ein plass som heiter Vikeså. Alt det her e I Rogaland for dei som lure.”  

Vi høyrer dette veldig klart.  

 

Viss du skulle vore ein farge i en fargeblyantboks, kva for ein farge ville du vore og kvifor? 

“Eg trur eg ville vore gul, fordi gul e en farge som...” Sofie ler. “fordi gul e en glafarge eller en farge som eg lige”  Karen skyter inn at gul er solfargen, og ville vald akkurat same fargen for Sofie.  

 

Viss du skulle hatt ei superkraft, kva for ei ville du hatt? 

“Eg he liksom to stykk det står mellom. Enten så ville eg hatt krafta til å teleportere dit eg ville, berre med å klappe”  

I det Sofie klappar dukkar Anker (kokk og ungdomsarbeidar på KH) opp ut av det blå, ikledd kokkeklede. Vår teori er at dette er for å sjekke om vi (miljøarbeidarane) eigentleg gjer noko fornuftig med kontordagen vår.  

Sofie fortsett: “ og den andre ville vore å hatt superkraften til å hørra ein sang eller sjå en film for fuste gongen. For å føle like stor begeistring kvar gong eg hørre en sang som å hørra den fuste gongen”  

Anker skjønar endeleg at vi driv med eit fornuftig intervju, informerer om at han jobbar tidlegvakt, og piler tilbake til kjøkenet. 

Irene (internatleiar) kjem forbi og observerer at Sofie har beina på bordet og seier: “Beina på bordet med SKO...?  Sofie skundar seg å ta beina ned frå bordet, tar av seg skoa, og smyg beina opp på bordet att 

 

Du er jo en veldig engasjert person Sofie... 

Sofie svarer med et bekymra blikk: “Jaaa?”  

Vi har oppfatta at du engasjerer deg for speil, kan du forklare dette for lesarane? 

Sofie ler høgt og forklarer: “Jo, mitt problem med speil e det at ofte så e speil hengt enten for høgt eller for lågt på veggen, så dei e liksom ikkje universale sånn at alle folk i alle høgder kan sjå seg i dei uten å bøya seg eller stå på tå. Mitt problem er ofte det at eg må stå på tå”  Sofie fortsett å forklare at det er eit rom på internatet der ho berre kan sjå augenbryna sine i spegelen “Det syns eg e litt kjipt for eg kunne godt tenkt meg å sett meg sjøl i speilåsiden det e det som e funksjonen te et speil. Så eg brenne veldig for dette her!”  

Julieta (spansklærer på KH), som har bursdag i dag, går forbi. Sofie roper gratulerer med dagen på spansk, og vi syng starten på den spanske bursdagssongen. Vi har tatt vatn over hovudet, og gir oss medan leiken endå er god.  

Sofie fortsett: “Så ja, eg brenne veldig møye for å få speil te å verr litt lengre eller bedre plassert på en vegg sånn at dei vett at alle har sjans te å sjå seg sjølv, når dei ser rett fram” 

 

Har du en kjekk internatfortelling? Eller et minne? 

“Nå må eg tenka her... Det e vel berre når alle ender opp med å sitte ute i gangen og snakka ilag. Sånne små ting. Eg hekkje en spesifikk historie, hellår monge små. For eksempel at eg springe ned på rommet til en annen og henge der, og så møte me på en tilåsso ende alle opp med å berre stå en plass og snakka ilag. Det syns eg e kjekt” 

 

Kva er din favoritt matrett på Kongshaug?  

“Fiskegratengden e veldig god. På ein måte taco og, men eg føle fiskegrateng e litt meir unikt å sei.”  

 

Karen prøver igjen å finne ut kva som er meint med det ho har skrive på arket sitt, og improviserar neste spørsmål. 

Kva er din favorittplass på Kongshaug? 

“Flygelsalen i villaen, der er det så fine akustikk. Der er det og ei veldig flotte lysekronå!” 

Elise syng “Chandelier” av Sia. (Chandelier er lysekrone på engelsk, og ein kjent song, viss nokon foreldre lurar) 

 

Dilemma - Aldri bruke rød leppestift igjen eller aldri drikke Pepsi Max igjen? 

Åhåhå dritt” ler Sofie “eg lige desse tingå så godt, koss he dokke funne ut av dette?”  

Vi vel å ikkje sei noko om kjeldene våre;). 

“ Eg kunne nok greid meg uden begge resten av livet”. Elise reagerer med “wooow”. 

“ Eg trur faktisk eg ville droppa Pepsi Max, fordi eg vett at det ikkje e nåkke bra å rusa seg på. Eg lige faktisk rød lebestift LITT bedre” flirer Sofie. 

“Ikkje drikk så mykje Pepsi Max, då flire du deg gjennom livet, livet er seriøst.”  

 

Har du et råd til nye Kongshaugelever?  

“Disponer tiå di bra! Viss du vil få gode karaktera, ver med folk og få nok søvn, så kan det verr lurt å sette av tid til å jobbe med skule. Då kan du chilla ittepå

 

Har du noko meir på hjartet?

“Eg lige supermegagodt når folk kjøbe bloma te meg, eg e ei skikkeleg plantemamma.” 

Ho gir plantane sine namn etter første bokstav i plantenamnet, og har lova å kalle ein kaktus Karen og ein eføy Elise. Dette sett vi, miljøarbeidarane, stor pris på.

 

Kven vil du utfordre til neste vekas profil?

"Elise i VG2!"

Personvern