Det er ein laurdags ettermiddag kl. 15.16, matsalen er full av liv, leven og leksegjering.  Vi, miljøarbeidarane (Karen og Elise), kosar oss med vår første helgevakt. Før vi forsett må eg forklare at Elise Aabrekk er miljøarbeidar, ikkje intervjuobjekt. I dag skal vi nemleg intervjue den skjønne Elise Wanvik i VG2.  

Beskriv deg sjølv med tre ord:

«Eg e sassy, og så e eg litt søt og psycho!»  

 

Hovudinstrument?

«Sang, det er veldig kjekt!»  

 

Favorittdansetrinn?

«Jaa! Jaaa! Eg er veldig glad i å danse, eg dansar masse!»

Elise reiser seg opp for å vise dansetrinnet. Det er en versjon av «the running man». Ho har henda samla og beveger dei opp og ned, medan føtene hennar sklir fram og tilbake som på ei tredemølle.

 

Samuel i VG1 byrjar å spele piano, kanskje for å akkompagnere dansinga, kven veit. Karen er bekymra for at han kjem til å spele julesangar, noko han gjer titt og stadig.  

 

Kvar er du frå?

«Eg kommar fra Bergen, nærmare bestemt Fana-bydel.»  

 

Viss du var en type mat, Kva for noko ville du vore og kvifor?

«Eg hadde vert en ananas», seier Elise. Maria Lade i VG2 kjem bort, ho kan ikkje anna en å seie seg einig.  

«Spicy og søt, ein veit ikkje heilt kva ein får», utrykker Maria glisande.

«Lur, har alltid på seg krone», kommenterer Karen.

«Alle lærare siar eg har så lurt smil og sånn», seier Elise med et lurt smil om munnen.  

 

Har du eit favorittfag? Og eit Fag du ikkje likar så godt?

«Neste spørsmål!?!»

«Historie e kjekt, veldig kjekt faktisk. Eg er ikkje sååå glad i geografi.»  

 

Har du eit favoritt Kongshaugminne?

«Sånn sosialt minne? Å henge med tilfeldige folk på et tilfeldig rom. Ting skjer så spontant på Kongshaug. Men og sånn julekonsert, og Storprosjekt (konsert om våren). Vi blir bedre kjent når hele skolen er med på samme prosjekt.»

Konklusjon: Elise liker konserter.  

 

Folk har sagt at du har ein litt overraskande musikksmak: Kva musikk likar du å høyre på?

«Eg likar alt fra hip-hop til mezzoforte. Det er litt artig då.»  

 

Favorittstad på Kongshaug?

«Eg tror kanskje eg må si træet (eit jenteinternat der det bur jenter frå VG2), for det er så mange kjekke folk som bor der nede, det er veldig kjekt.»  

Elise bur sjølv på 80-gangen som er ein del av internatet Øvre Vestheim.  

 

I går, Fredag den 13 (September 2019), skjedde det noko litt spesielt i matsalen, vil du utdjupe?

«Ja, eg har en diskolampe på rommet mitt som eg likar å sette på, for eksempel når eg strykar klær.» (Elise stryk sannsynlegvis klede oftare enn oss, miljøarbeidarane. Elise Aabrekk fant nyleg strykejernet vårt i ei kjøkkenskuff. Vi lurer på korleis den havna der.)

«Men ja det var fredag sant, god stemning. Då må man jo ta fram diskokulen, sant! Vi var en gjeng som gikk for å hente diskokulen min, og satt den på midt i matsalen. Vi bare måtte gjøre det! Diskolys bare gjør alt mye gøyare!»  

 

Dilemma: Aldri kjøpe brukte klede, eller alltid høyre på listepop?

«Ånei, den er en vanskelig en! Eg elskar å kjøpe brukte klær, men eg hørar aldri på listepop. Baare listepop? Eg tror eg må ofre bruktklærne, sånn at eg kan høre på det eg har lyst til.»

Alida og Live Marie (VG2) kjem skjelvanes inn i matsalen, ute er det regn og stiv kuling. Live Marie innser kva vi heldt på med, hoppar bakover og seier «OJA!». Vekas Profil er blitt segnomsust på tunet.  

 

Har du nokon tips til nye kongshaugelevar?

«Ikkje stress så mye med å finne din plass, fordi det går seg litt til, du skal gå her i tre år liksom. Man må finne en balanse mellom å vere for seg sjølv, slappe av og å vere sosial.»

 

Kven vil du utfordre til neste Vekas Profil?

«Ingvar i VG1.»

 


Personvern