No er det lenge sidan sist. Elevane har hatt haustferie og haustkonsertar. No byrjar programmet å roe seg litt og vi forsett med Vekas Profil. Ny veke nye moglegheiter.

Vi sit i stova til internatet svingen-nede. Der sit òg Ingvar, Jonas og Tomas i VG1. Det er dei som bur der. Klokka er 12.46 og det er siste fredag før haustferien. Vi har satt på diskokula vår, stemninga er i taket og praten går.  

 

Beskriv deg sjølv med tre ord:

«Det er vanskelig, men det må vel vere morsom, kjekk og fantastisk. Fantastisk eller cocky.»  

 

Kva er hovudinstrumentet ditt?

«Det er egentlig Marimba, men eg spillar alt type slagverk.»  

 

Kor kjem du frå?

«Eg e fra Bergen, Fana, Skjold. Bergenfanaskjold.»  

 

Favorittdansetrinn?

«Eg dabbar en del då. Eg ventar på at den skal komme tilbake, det er min hjertesak», seier han medan han bøyer seg, tek eine armen over brystet og den andre i veret, begge på høgre side.  

 

Viss du var eit ekorn kva for eit tre ville du budd i?

«Et høy ett, då kan eg hoppe frå tre til tre. Viss eg e et flygeekorn så kan eg fly og sånn whoooaw. Se for deg det høyeste treet i verden, der ville eg bodd.»

Er du glad i å klatre?

«Nei, men eg hadde sikkert vert glad i å klatre om eg var et ekorn, det ligger liksom i naturen deres. Eg e glad i å hoppe då, og å fly. Eg har lyst å hoppe i fallskjerm.»  

 

Har du eit favorittfag, og eit fag du ikkje liker så godt?

«Eg e glad i musikk då. Men ikkje så glad i musikklære, foreløpig. Sånn samspill og sånn, det syns eg e kos! Då kan eg spille ting.»  

 

Har du eit favorittkongshaugminne?

«Etter fire ukar?» Tomas bryter inn for å sei at dei har vore der i seks veker. «Har vi vert her i seks ukar?!? Whaat? favorittkongshaugminne, ka e det?»

«Det er meg det Ingvar», seier Jonas.

Vidare får vi berre kryptiskte og interne svar, så vi vel å la det bli med det. God stemning mellom guttane i Svingen-nede er det utan tvil.    

 

Vil du fortelle om musikken din?

«Artistnavnen mitt er Kingvar. Eg hetar Ingvar og så e eg helt konge, så det ble Kingvar, skjønnar du? Opprinnelig var det en kompis av meg som lagde en sang, han hetar Petter (Shoutout til Petter Blom P-shark), der han sang om Lamborghini, så ville eg lage en slags diss track på det, så derfor kom «Sæterveien 5 millioner». Der eg syngar «Lamborghini ka e det? Har du ikkje hørt om BMW?». Og så har eg bare fortsatt. Gå og hør!» Jonas set på den nye songen til Kingvar «Kem Vet» som er ein duo med P-Shark.  

 

Eg har høyrd at du er glad i Markus og Martinus, kan du fortelje om dette?

«Eg kom til Kongshaug, og eg er jo ein ganske bra person, så eg hadde ingenting å bli mobbet for. Då tenkte eg, vett du ka? Eg må jo ha litt mobbemateriale. Så eg gikk på Sparkjøp og kjøpte Markus og Martinus sengesett, for å ha litt grunnlag for å kunne bli mobbet.»

Vi har ein mistanke om at dette berre er ein dekkhistorie for hans indre kjærleik for Markus og Martinus og spør han om dette.  

 

Favorittplass på Kongshaug:

«Altså det er digg i sengen da. Ved marimbaen, eller ved Hans-Henrik sitt trommesett. En av de tre.»  

 

Aldri spise toast igjen eller gi slipp på Markus og Martinus?

«Eg spiser masse toast, nei men no har eg gått litt over til rundstykker.» Tomas skyt inn at Ingvar har ein boks med grillkrydder på 3 liter. Karen lurer på om Ingvar har stjålet den frå skulekjøkkenet, men den var vist kjøpt i Sverige.

 

«Ka var spørsmålet igjen?» Ingvar har spora heilt av.

Aldri spise toast igjen eller gi slipp på Markus og Martinus?  

«Oj, Nei takk. Kanskje det toast greiene. Nei, kanskje Markus og Martinus. Nei, det finst jo mange andre artistar, men det finst ikkje så mye annet å spise. Det var et skikkelig teit spørsmål!»

«Du må velge vekk ein!» Seier Karen etter mykje om og men.

«Jo okei, eg hører faktisk ikkje så mye på Markus og Martinus, dessverre, men det kan eg begynne med da. For eg tror de har masse musikk som eg ikkje har hørt. Kordan definerar du toast? Kan man lage toast i ovnen liksom. Viss eg reiser til eit varmt land og får naturlig toast, er det lov?»

Karen seier at dersom han velger Markus og Martinus kan han framleis få ete varme og klamme osteskiver, men ikkje smelta ost.

«Markus og Martinus, nei toast, Markus og Martinus, Toast. Osb.», Ingvar lid av valgvegring.

Då vert det å høyre på «Markus og Martinus» på mobiltelefonen sin høgtalar, med ei halvsmelta osteskive i handa.  

 

Har du noe tips til kommende elever?

«Ja, du må ha toasthjern!»  

 

Har du noko meir på hjartet?

Ingvar har mykje på hjartet…

“Be kind to one another. Det er sånn Ellen sier. Det er hon på TV.

Hør på Kingvar, for då tjenar eg pengar.

På barneskolen lagde vi te av barnåler. Det smaker veldig godt, men du må ha mye sukker då. Det er min favoritt-te.

Hør på «Oye Como Va». Den spiller vi i samspill.» Vi lurer på korleis denne songen stavast, og Ingvar stavar tittelen både framleis og baklengs. «Oj, kan du snakke baklengs?  Sei Karen Sofie Uthaug baklengs», Seier Karen Sofie Uthaug, sjølvopptatt som få. ;) «Guahtu eifos nerak», seier han på rappen. Vi er mektig imponert.  

 

Kven utfordrar du til neste vekas profil?

«Jenny i VG1!»  

 

 

Kem Vet? - Kingvar

Personvern