Det er torsdag kveld den 31.oktober. Klokka er 21:01. Ute er det bekmørkt og stiv kuling. Inne i varmen har VG3  arrangert ei lita Hallo-Venn feiring. Matsalen er dekorert i lyslenker, menneske i kostymer, og livleg prat. Vi set oss ned på eit bord saman med Jenny og nokre andre jenter i Vg1, og intervjuet er i gang.  

 

Beskriv deg sjølv med tre ord

«Det har eg faktisk gått og lurt på heile uka, sia eg fant ut at eg var neste vekas profil, ka eg skal beskriv mæ sjølv med.  

Berg og dalbane. Det e tre ord»

Der var det eit smotthol ja, lurt tenkt.  

 

Kva er hovudinstrumentet ditt?

«Sang»  

 

Kvar kjem du frå?                                                                                                                                                                       «Sørreisa. Det ligg i Troms. Midt-Troms.»

Ein vassekte nordlending altså. Dei er eksotiske på Kongshaug!

«Er det nordlys der?», spør Elise spent.

«Ja, masse!» Seier Jenny.

Elise tar fram mobilen og leitar fram nærmaste flyplass (Det er Bardufoss Lufthavn om noken vil vere med opp og sjå på nordlyset).  

 

Kva er ditt favoritt dansetrinn?

«E har to. E gjør dem litt for masse»

Jenny reiser seg opp for å vise oss, med eit lurt smil om munnen. Dei andre jentene på bordet ser opp med forventningsfulle auge. Det første dansetrinnet er bølgen. Dvs. at ein strekk begge armane rett ut frå kroppen og veivar dei opp og ned i ei bølgelignande rørsle. Det andre dansetrinnet ho visar oss er og ei type bølgje, men her startar ho med hovudet og immiterer sjøen med heile kroppen. Det er eit nytt nivå av bølgen. Konklusjon: Jenny er glad i bølger.  

 

Dersom du var eit hus, kva type hus ville du vore?

«Ska e liksom beskriv mæ sjølv som et hus? Eehhmm…»

Synnøve skyt inn at ingen av romma i husa ville vore like.

«Ja, forskjellige rom. E ville vert et rart hus.»

Susanne kviskrar Jenny i øyret og vi venter spent på svar.

«Eg kunne vert huset til den gale hattemannen i Alice in Wonderland. Eg vet ikkje korsjen det ser ut…?» Seier Jenny etter litt inspirasjon frå nabokvinna.

Susanne leiter ivrig etter bilde og viser Jenny.

«Ja, koffor ville æ vært det?»

Jenny beskriv dette huset: «Kanskje fordi det er spesielt på ein god måte. Det er veldig rart, men så e det liksom litt sånn koselig, og så e det litt artig og litt fargerikt  

 

Har du eit fag du synest er kjekt og eit fag du ikkje synest er like kjekt?

«E syns sang e gøy. Og så syns eg naturfag ikke e kjempegøy.»  

 

Har du eit favoritt Kongshaug-minne så langt?

«Det var veldig gøy å vere siamesisk tvilling med ho Susanne.»

Dette var då altså kostymet til Jenny og Susanne tidlegare denne kvelden, og vi informerer om at det og var veldig festleg for oss andre å sjå på. Vi legger ved eit bilde nedst i artikkelen for dei som kjem seg så langt.  

 

Har du ein favorittstad å vere på Kongshaug?

«På rommet. For det er veldig koselig, også får vi masse besøk heile tia»

«153 – det beste rommet!» Seier Elise (framleis miljøarbeidar) som sjølvsagt har budd der tidlegare, ho har faktisk fem års jubileum med det rommet i år. No kan du rekne litt på alderen om du vil.  

 

DILEMMA - Alltid vere singel eller aldri høyre på Billie Eilish?

«Å, å. Aldri høre på Billie Eilish. Det er jo litt trist å vere singel resten av livet.»

Jenny er rask med å svare på tross av at ho og er veldig glad i Billie Eilish.

«Det er vanskelig å adoptere som enemor, det vil æ ikke»

Her oppfatter vi ei nøye planlagt framtid frå Jenny si side, ikkje vår eiga då…

 

Sofie i Vg3 kjem for å rydde vekk den fine lyslenka vi har på bordet, men vi insisterer på å få ha den  litt til, og lover å rydde den fint på plass igjen seinare. Det er godt med litt lys i mørketida!  

 

Har du noko tips til folk i Vg2 og Vg3?  

«Kom på besøk til oss på rom 153!  Æ kan ikke garanter at vi alltid e der da men.»  

 

Kven vil du utfordre til neste vekas profil?

«Sylvia i Vg3!»  

 

Personvern